Vil forskottere fiskerihamn
Giske kommune ønskjer å få fortgang i utbygginga av ei fiskerihamn på Gjøsund og vil søke om å få forskottere kostnadane. Ordførar Harry Valderhaug (KrF) meiner hamna vil vere viktig for utviklinga av fiskerinæring i heile Ålesundsregionen. Fiskerihamna ligg inne i Nasjonal transportplan, men får i utgangspunktet ikkje pengar før etter 2023. Saka kjem opp i formannskapet i Giske i dag.