Hopp til innhold

Fiskerester til gjødsel

Fiskebein og torskehovud kan vere godt eigna til økologisk dyrking. Det meiner Tingvoll-forskar Anne- Kristin Løes, som arbeider ved Norsk senter for økologisk forskning og er med i eit treårig prosjekt finansiert av fylkeskommunen. Løes håper forskingsresultata kan gjere det mogleg å starte ein gjødselfabrikk i framtida. – Vi skal prøve å kome fram til ein god del kunnskap som vil vere nyttig for dei som eventuelt vil vurdere om dei kan lage eit kommersielt produkt av det, seier Løes.

Torskehode på land
Foto: Morten Krogstad / NRK