Hopp til innhold

Vanylven brukar mest på barnevern

Vanylven kommune brukar i snitt over dobbelt så mykje pengar på barnevern som Ålesund, når ein ser på utgiftene fordelt på barna i kvar kommune. Det skriv Sunnmørsposten (krev innlogging). – Det har litt å seie at vi er små, men vi har også nokre barn som krev mykje oppfølging og då følgjer det utgifter med, seier kommunalsjef Arnhild Nordaune i Vanylven kommune.