Hopp til innhold

Erna Solberg på Rauma-besøk

Statsminister Erna Solberg (H) er søndag på besøk hos dei som bur under det rasutsette fjellpartiet «Mannen» i Rauma. Familiane som bur der har blitt evakuerte gong på gong og snakka med statsministeren om usikkerheita dei opplever. – Det gjer inntrykk å vere her. Eg forstår at dette er ein krevande situasjon for dei, seier statsministeren.

Erna Solberg besøker bebuarane under Mannen
Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK