Hopp til innhold

Utan utslepp i turistfjordane

SV og Ap krev at Hurtigruten og cruisebåtane må bruke straum for å segle inn turistfjordane her i landet. Aftenposten skriv at dei to partia vil be Regjering stille krav om at skip som blir brukte i turistsamanheng, innan fem år skal segle utan utslepp i fjordane. Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) seier dei vil støtte utspelet, og dermed treng forslaget støtte frå enten Venstre eller KrF for å bli vedteke. Både Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) og Norddals-ordførar Arne Sandnes (Sp), som også er leiar for Verdsarvrådet for dei vestnorske fjordane, meiner dette er eit godt forslag.

Geiranger
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen