Hopp til innhold

Tilsynssak mot Molde sjukehus

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har oppretta tilsynssak mot anestesiseksjonen ved Molde sjukehus, skriv VG. Bakgrunnen er eit varsel om at avdelinga er bemanna med berre éin sjukepleiar på vakt om natta og i helgane. Fylkesmannen har bedt Helse Møre og Romsdal om å gjere greie for prosedyrane avdelinga har for å ta vare på pasienttryggleiken. Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen opplyser til VG at dei er i startfasen i utgreiinga av saka, og at helseføretaket har frist til byrjinga av mai med å gi svar i saka.

Molde sjukehus
Foto: Roar Strøm / NRK