Hopp til innhold

– Alle har plikt til å stoppe

I ei Facebook-melding minner Sykkylven lensmannskontor om at alle trafikantar har ei plikt til å hjelpe når nokon er involvert i ei ulykke. – I dag var det ei trafikkulykke og vi ser at mange bilistar berre har køyrd vidare utan å stoppe, skriv dei og viser til trafikkulykka på fylkesveg 60 i Velledalen tidlegare i dag. Det var Sunnmøringen som først omtalte saka.

Sykkylven Lensmannskontor
Foto: Skjermdump