Klar for landsfinalen
I kveld klokka 19.55 kan du sjå Halsa barne- og ungdomsskule i den første av fem landsfinalen i Klassequizen. Dei tre elevane Anders Åsgård, Ragnhild Otnes og Jøri Vatten, som representerer Halsa, trur det blir vanskeleg å vinne, men håper sjølvsagt at dei gjer det. – Vi får prøve å svare rett på spørsmåla, og ikkje tenke så mykje på alt det andre som skjer rundt, seier Anders Åsgård. Sendinga kan du sjå på NRK1 klokka 19.55.