Hopp til innhold

Kysttorsken aukar i Borgundfjorden

Forbodet mot å fiske med garn i Borgundfjordfisket ved Ålesund har gitt resultat. Tal frå havforskingsinstituttet viser at det er meir kysttorsk i fangstane enn på mange år. Men om det betyr nytt liv for det store Borgundfjordfisket er eit anna spørsmål. – Kysttorsken er ein trua art og Borgundfjorden er eit viktig gyteområde, så vi må nok leve med avgrensingar på fisket også i framtida, seier Karl Anton Lorgen, seksjonssjef i Fiskeridirektoratet.

Borgundfar
Foto: Atlanterhavsparken v/Trond Østrem