Hopp til innhold

Fengsla i fire nye veker

To utanlandske menn er varetektsfengsla på nytt i fire veker, sikta for å ha valdtatt to mindreårige jenter på ein campingplass i ein kommune i Romsdal. Valdtektene skal ha skjedd sommaren 2015, og etter lang tids etterforsking blei mennene utleverte frå England i fjor haust. Politiet fryktar at mennene vil stikke av dersom dei blir sette fri, og er no fengsla ein månad til.

Molde politistasjon
Foto: Remi Sagen / NRK