Hopp til innhold

Brann i Tresfjord

Brannvesenet i Vestnes måtte rykke ut etter melding om røykutvikling i Tresfjord tidleg laurdag morgon. Røyken kom frå ein kjellar i eit bustadhus. Alle personar var ute av huset. Etter kort tid melde brannvesenet at det ikkje lengar var brann, men mykje røyk i kjellaren.