Hopp til innhold

Vedgår straffskuld

Båtføraren som køyrde inn i Tyskholmen utanfor Ålesund i oktober i fjor vedgår straffskuld for aktlaust drap. Det skriv Sunnmørsposten. Ein mann i slutten av 40-åra hamna i sjøen etter samanstøyten. Han hadde ikkje på seg redningsvest og mista livet i ulykka. Båtføraren i 40-åra blei tiltalt for aktlaust drap tidlegare i år, og vedgår no straffskuld.