Hopp til innhold

Tiltalt etter dødsulykke i Ørsta

Ein mann i 50-åra er tiltalt etter at ein mann døydde i ei arbeidsulykke i Hovdebygda i Ørsta i august 2016, skriv Møre-Nytt (krev innlogging). Den tiltalte skal ha heldt på med trefelling då eit tre trefte ein forbipasserande mann. Mannen døydde av skadane han fekk. Mannen i 50-åra er tiltalt for brot på arbeidsmiljølova fordi han ikkje skal ha sørga for sikring og merking av arbeidsstaden i området omkring ein ferda veg. Saka skal opp i Søre Sunnmøre tingrett i slutten av mai.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL