Hopp til innhold

Frifinn helsepersonell etter hopp

Fylkeslegen konkluderer med at ingen av dei tilsette ved legevakta i Kristiansund har brote lova i samband med at ein psykiatrisk pasient hoppa av ein drosje i fart. Mannen var på veg frå legevakta til sjukehuset, då han hoppa av og fekk store hovudskadar. Fylkeslegen viser mellom anna til at pasienten var roleg under konsultasjonen før drosjeturen og konkluderer med at behandlinga var i tråd med lova.

Ulykke ved Storbakken
Foto: Ronny Myrset

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL