Hopp til innhold

Rauma må betale millionerstatning

Rauma kommune er dømd til å betale i overkant av 25 millionar i erstatning til Veidekke Entreprenør AS. Det skriv Åndalsnes avis. Rauma kommune vedtok i fjor å gi kontrakten på bygging av det nye helsehuset på Åndalsnes til firmaet Hent AS. Den lokale entreprenøren M. Kristiseter AS, som er eigd av Veidekke, klaga på vedtaket og gjekk til sak mot kommunen. No har dei fått medhald i retten. I dommen står det at HENT sitt tilbod hadde eit avvik frå konkurransegrunnlaget og skulle vore avvist av kommunen i anbodskonkurransen. Rauma kommune vil i morgon ta stilling til om dei anker saka.

Rauma helsehus animasjon
Foto: Skjermdump