Hopp til innhold

Røykutvikling i bustad på Haddal

Klokka 05.30 rykte naudetatane ut på meldingar om røykutvikling i ein bustad på Haddal i Ulstein. Ein mann i slutten av tenåra vart redda ut og vart sjekka då han hadde blitt eksponert for røyk. Ein brannalarm slo ut og varsla brannvesenet om tilfellet. – Årsaka til alarmen var noko som stod gløymt i steikeomnen. Mannen verka å vere i god form, seier operasjonsleiar i politiet, Jan Helge Kjøl. Politiet opprettar sak.