Hopp til innhold

– Kan ikkje halde fram

– Dette kan ikkje fortsette. Vi treng ein endå meir konkret plan. Eg trur dette må seiast endå tydlegare, sa styremedlem Nils Kvernmo då det økonomiske resultatet for februar blei presentert for styret i Helse Møre og Romsdal fredag.

– Helse Møre og Romsdal har budsjettert med underskot. I januar og februar har det vore underskudd i forhold til dette budsjettet også sa Kvernmo. Kvernmo er direktør for eigarstyring i Helse Midt-Noreg.

Berre i februar gjekk Helse Møre og Romsdal på eit underskot sett opp mot budsjettet på 2 millionar kroner.

Styret i Helse Møre og Romsdal
Foto: Terje Reite / NRK