Hopp til innhold

Volda Maskin er årets bedrift

Fylkesprisen Årets Bedrift går til Volda Maskin. Bedrifta har 25 års erfaring i alt frå små oppdrag til omfattande samferdselsprosjekt. Bedrifta får prisen fordi at dei tek eit tydeleg samfunnsansvar gjennom å satse på lærlingar, fagleg utvikling og støtte til frivillig arbeid. Volda Maskin vart i 2017 kåra til årets lærebedrift av Arctic Entrepreneur, i konkurranse med over 2000 andre. Volda Maskin har 65 tilsette.

Volda Maskin
Foto: Runar F. Daler

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL