Hopp til innhold

Volda FFO er best i landet

Fotballforbundet er imponert over fotballfritidsordninga til Volda. Tidlegare landslagskaptein Trine Rønning er fagansvarleg for denne ordninga og var i dag på besøk i Volda. Ho trur nøkkelen til suksessen er det harde arbeidet som ligg bak fotballfritidsordninga. – Det er ivrige folk og gode vaksne som held barna i aktivitet, og ein ser tydeleg at både vaksne og barn har det bra når dei er saman i aktiviteten, seier Rønning.

Fotballforbundet er imponert over fotballfritidsordninga til Volda.