Hopp til innhold

Ønskjer eit endeleg vedtak

Med 13 mot 4 stemmer vedtok Gjemnes kommunestyre tysdag kveld å stemme nei til søknaden frå Angvik grendelag om å bli ein del av Molde. Vedtaket er ei høyringsuttale til Fylkesmannen som skal gjere si innstilling neste veke. Gjemnesordførar Knut Sjømæling ser fram til å få ei avslutning på saka. – Eg føler at vi har brukt tre år på kommunereforma, og siste ord er truleg ikkje sagt. Men vi er avhengig av å få ei avslutning slik at vi kan få arbeidsro, seier han.

Knut Sjømæling
Foto: Anne Mari Flatset / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL