Hopp til innhold

Imot kommunedeling i Gjemnes

Gjemnes vil ikkje la fleire bygder i kommunen få flytte over til Nye Molde kommune. Det blei klart på eit ekstraordinært kommunestyremøte i kveld, med 13 mot fire stemmer. Det er bygdene Angvik, Flemma, Fagerlia og Øye-Heggem som ønskjer å bli ein del av Molde. Vedtaket går no vidare til Fylkesmannen som gjer si innstilling. Til slutt er det Kommunal- og moderniseringsdepartementet som avgjer Gjemnes sin skjebne som eiga kommune.

Ekstraordinært kommunestyremøte i Gjemnes
Foto: Ann Eli Nøsen / NRK