Hopp til innhold

Satsar på Moa i Ålesund

Thongruppen satsar stort på utvidingar på Moa i Ålesund trass i at mange åtvarar mot netthandel og nedgang for kjøpesentera. 1. november opnar den siste påbygginga på 17000 kvadratmeter og Moa blir Noregs tredje største kjøpesenter. – Vi trur at dette vil gjere oss meir attraktive, både her lokalt og elles, seier Else Andersen, utviklingssjef i Thongruppen.

Utbygging Moa
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK