Hopp til innhold

– Må gjere prioriteringar

Politiet held fast på prioriteringa av ressursar til å etterforske overgrepssaker. Det seier politimeister Ingar Bøen. Etter knivdrapet i Ålesund sist veke etterlyste leiaren for organisert kriminalitet, fleire ressursar for å ta bakmennene i narkosaker. Bøen meiner dei ikkje manglar ressursar. – Norsk politi har blitt tilført mykje dei siste åra, men vi må alltid gjere prioriteringar. Narkotika er eitt av dei felta som har blitt høgst prioritert. Men også dette feltet har blitt nedprioritert i kampen mot overgrep mot barn.

Ingar Bøen
Foto: Politiet