Hopp til innhold

Fryktar innstrammingar

John Hatløy og Ann-Magritt Ringstad ved Ulstein verft håper innstrammingane i reglane for innleige av arbeidskraft ikkje vil ramme bedrifta. Vippepartiet KrF hindra nyleg innføringa av eit forbod mot innleige i byggebransjen, og saka får no ein ny runde i Stortinget. Eit forbod ville ha fått store følgjer ikkje berre for byggebransjen, men også for verft og fiskeindustri. – Vi er heilt avhengig av å kunne supplere med leigearbeidarar på grunn av dei store svingingane i arbeidsmengda, seier Ann-Magritt Ringstad, personalsjef ved Ulstein verft.

John Hatløy og Ann-Magritt Ringstad
Foto: Arne Flatin / NRK