Hopp til innhold

Spellemannpris til Sigrid Raabe?

Første del av Spellemannprisen 2017 er gjennomført. Av dei fire nominerte frå Møre og Romsdal er det no berre Sigrid Raabe som gjenstår. Ho er nominert i fleire klasser. Verken Ola Kvernberg, Jan Erk Mikalsen eller Mikhael Paskalev nådde opp i klassane dei var nominerte i. Spellemannprisutdelinga held fram klokka 2015.

Sigrid Raabe
Foto: Berit Roald / NTB scanpix