Rykte ut til nise i garn
Brannvesenet i Ålesund rykte fredag formiddag ut for å hjelpe ein fiskar som hadde fått ei nise i garnet. Fiskaren trengde hjelp for å få den døde nisa opp i båten. Ifølge akvarist Trond Østrem frå Altanterhavsparken er det vanleg å få nise i garnet på denne tida av året. Det er likevel uvanleg at dei går så langt inne i fjorden.