Hopp til innhold

– Glad for at han blei så lenge

Lodve Solholm, styreleiar i Nynorsk kultursentrum, takkar Ottar Grepstad for innsatsen han har gjort som direktør. Grepstad har sagt opp stillinga si i Nynorsk kultursentrum og blir pensjonist frå 1. november 2018. – Ottar Grepstad har vore direktør i 19 år, og styret er svært glad for at han blei så lenge. Under hans leiing og gode samarbeid med styre og råd er Nynorsk kultursentrum blitt ein nasjonal kulturinstitusjon av dei sjeldne, seier Solholm.

Styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm
Foto: Anders Aanes / Ivar Aasen-tunet