Hopp til innhold

Tiltalt for rusa køyring

Ei kvinne frå Sunnmøre er tiltalt for å ha køyrd bil fleire gonger medan ho var påverka av alkohol og bedøvande middel. Kvinna skal også ha køyrd bil utan å vere aktsam og dermed skapt farlege situasjonar. I tillegg til dette er kvinna i 30-åra tiltalt for skadeverk på ein bil, for å ha brukt kredittkortet til ein annan person og for krenkande åtferd. Saka skal opp i Sunnmøre tingrett i april.