Hopp til innhold

Vil ha hydrogenferjer i Geiranger

Hydrogenproduksjon på Hellesylt kan kutte utslepp av klimagassar i verdsarvområdet i Geiranger. Lokale kraftprodusentar vil bruke delar av straumproduksjonen til å framstille hydrogen. Målet er at ferjer og lokal båttrafikk på Geirangerfjorden kan bruke hydrogen som drivstoff i framtida. Utsleppa frå hydrogenferjer er berre vanndamp, og dette vil kunne vere med å bidra til at Geirangerfjorden kan bli ein grønare fjord med mindre utslepp.

Kraftproduksjon Hellesylt
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK