Hopp til innhold

Har fått støtte etter Røkkekritikk

– Eg har fått mange positive reaksjonar, særleg frå folk på Sunnmøre, seier Sverre A. Farstad til NRK, etter at han gjekk ut og kritiserte Kjell Inge Røkke for brotne lovnader. Då Aker og Solstad Offshore kjøpte Farstad Shipping, meiner Farstad at han vart lova at ankerhandteringsfartøya skulle bli styrt frå Ålesund. Desse funksjonane vert no styrt frå Skudeneshavn. Farstad seier til NRK at han angrar på at familien gjekk inn i selskapet med frisk kapital. Til Finansavisen (krev abonnement) seier kommunikasjonssjefen i Aker at alle endringane i struktur og organisering av SolstadFarstad er vedteke av styret, som Sverre A. Farstad har sitte i. Farstad trekte seg frå styret nyleg.

Sverre A. Farstad
Foto: Jan Åge Sundnes / NRK