Hopp til innhold

Høgsterett krev ny behandling

Det var i fjor haust at Frostating lagmannsrett behandla anken frå ein overgrepsdømd bestefar frå søre Sunnmøre. Mannen i 60-åra blei dømd til fem år fengsel for overgrep mot eit barnebarn. No er det derimot klart at Høgsterett krev ny behandling av saka. Ifølgje Sunnmørsposten meiner Høgsterett sitt ankeutval at eit lagrettemedlem gjorde seg inhabil under rettssaka ved å ha ein samtale med mor til fornærma. Saka må no takast opp i lagmannsretten på nytt, med nye lagrettemedlemer.

Søre sunnmøre tingrett
Foto: Ivar Lid Riise / NRK