Hopp til innhold

Planlegg gjenvinning på Raudsand

Bergmesteren og Stena Recycling planlegg no eit større gjenvinningsanlegg på Raudsand. Det skriv rbnett.no i ei Pluss-sak. Bergmesteren Raudsand la i november fram konsekvensutgreiing, KU, i samband med at bedrifta ønsker å etablere nasjonalt deponi for farleg avfall på Raudsand. På oppfordring frå direktoratet har dei no laga eit tilleggsdokument til KU på korleis dei vil ta hand om det farlege avfallet. Det meste av gjenvinninga vil dreie seg om ulike salt, kjemikaliar og eventuelt anodeavfall frå aluminiumsindustri, samt flygeaske frå forbrenningsanlegg og syreavfall, skriv avisa.