Hopp til innhold

Har samla opp dieselen

Brannvesenet melder at dei har samla opp omlag 6500 liter diesel etter lekkasje frå ein tankbil ved Wist i Fannestrandvegen i Molde. Det var fare for at alt skulle renne i grunnen, og 500 liter har hamna i kloakken. Brannvesenet og Norsk gjenvinning held fram arbeidet på staden. Ingen personar skal vere skadde, og lekkasjen får ikkje trafikkale problem.

Diselsøl i Molde
Foto: Roar Strøm / NRK