Hopp til innhold

Stor interesse for jobbar

Det har vore stor interesse for dei nye jobbane i Oss-Nor etter at kristiansundsfirmaet fekk ein kontrakt med Statoil like før jul. Avtalen gjeld vedlikehald og reparasjonar av ventilar, og Oss-Nor treng i første omgang mellom 15 og 20 nye medarbeidarar. Søknadsfristen er 15. januar, og styreleiar Arnt Wærnes meiner det ikkje blir vanskeleg å få tak i kvalifiserte folk.

Styreleder i OssNor, Arnt Wærnes.
Foto: OssNor

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL