Hopp til innhold

Langvarig straumbrot for somme

Dei som bur i området ved Remane i Langevågen i Sula, må rekne med at det vil ta fleire timar før dei får att straumen. Divisjonssjef Peter W. Kirkebø i Mørenett opplyser at dei arbeider med å rette opp att kortslutninga i trafokiosken, men arbeidet vil ta tid. – Det kan hende desse abonnentane må vente utover natta også før dei får straumen tilbake, seier Kirkebø. På grunn av kortslutninga i trafokiosken, har det oppstått straumbrot også for dei på Holen, Vågnes og Salen. Mørenett er i gang med å kople om, slik at desse får straumen tilbake i løpet av kort tid.

Peter W. Kirkebø
Foto: Remi Sagen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL