Hopp til innhold

Sovna frå skademelding

Ein bilførar i Molde er meldt for køyring av motorvogn i rusa tilstand. Politiet blei tilkalla etter ein samanstøyt mellom to bilar i Molde sentrum. Politiet skulle hjelpe til med utfylling av skademelding, men under utfyllinga av skjemaet, sovna den eine føraren. Det gjeld ein mann i 20-åra, melder politiet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL