Hopp til innhold

Første år med felles fyrverkeri

Hareid får også felles fyrverkeri for første gong i år. Det er Hareid kommune i samarbeid med Hareid næringsforum og Hareid idrettslag som står bak. Oppskytinga skjer frå den indre moloen på Hareid kl. 22.00. – Det vil bli som ei slags sluttmarkering for at Hareid kommune er 100 år i år, seier ordførar Anders Riise. Han seier at det framleis er mogleg å «vippse» pengar til spleiselaget og håper å få inn om lag 60 000 kroner til saman.

Anders Riise
Foto: Trond Vestre / NRK