Hopp til innhold

Person frakta til sjukehus

Føraren av bilen som vart påkøyrd bakfrå i Isfjorden vert frakta til Molde sjukehus i ambulanse, melder politiet på Twitter. Personen er meldt å vere lettare skadd. Politiet beslaglegg førarkortet til føraren som køyrt inn i bilen framom seg, personen må ha vore uoppmerksam og vert difor meld for dette. Det er ikkje mistanke om køyring i ruspåverka tilstand. Bilberging er bestilt.