Hopp til innhold

Redusert framkome i tunnel

Trafikkuhellet i Innfjordtunnelen skal dreie seg om eit møteuhell mellom to bilar, men ikkje av det alvorlege slaget. Ein bil skal ha køyrt inn i sida på møtande bil. Det er ikkje meldt om personskadar, seier operasjonsleiar i politiet, Jan Helge Kjøl. Politi og brannvesen er på staden og har fått bilane til sides, men det er redusert framkome i tunnelen.