Hopp til innhold

Viktig dag for Moldejazz

Det er venta at Musikkutvalget for arrangør- og festivalstøtte torsdag gir sitt svar på kor mykje pengar Moldejazz får for 2018. Moldejazz får om lag 11 millionar kroner i året i støtte frå stat, fylke og kommune. Jazzfestivalen har gjennom fleire år fått ekstra støtte ved å ha ein knutepunktfunksjon for jazzmusikk, men denne ordninga er avvikla.

Karin Krog på Moldejazz i 2000
Foto: Vidar Ruud, Vidar Ruud / NTB scanpix