Hopp til innhold

Varetektsfengsla i fire veker

Mannen som var sikta for grov kroppskrenking etter overfallet på ei ung kvinne i Volda natt til søndag 3. desember er varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod, skriv politiet i ei pressemelding. Mannen vart pågripen tysdag kveld 5. desember og vart framstilt i tingretten torsdag 7. desember. Politiet har ikkje fått lest kjenninga til tingretten torsdag kveld og kan difor ikkje kommentere saka ytterlegare. – Av etterforskingsmessige omsyn går vi heller ikkje inn på detaljar i saka no. Vi er i ei tidleg fase der det pågår blant anna avhøyr av vitne, seier politiadvokat Cathrin Remøy i Møre og Romsdal politidistrikt.