Hopp til innhold

Pensjonsslipp på papir ein siger

At pensjonistane får tilbake pensjonsslippen på papir er ein stor siger, meiner Mellvin Steinsvoll, pensjonistleiar i Møre og Romsdal. Dei sterke protestane etter at pensjonistane sin lønnsslipp forsvann og berre kom på nett, gjorde at Stortinget snudde. Frå 1. juli neste år er ordninga med pensjonsslipp på papir i postkassa tilbake. – Det må aldri vere slik i det norske samfunnet og velferdsstaten at nokon skal føle seg for gamle og utgått på dato, seier Steinsvoll.

Mellvin Steinsvoll
Foto: Gunnar Sandvik/NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL