Hopp til innhold

Frakta til sjukehuset i Molde

Både passasjeren og føraren som var involvert i utforkøyringa på Frei er ute av bilen og frakta til sjukehuset i Molde. Ein eller begge skal ha skader i nakke og rygg, seier operasjonsleiar i politiet Kenneth Sætre. Omfanget på skadene kan ikkje politiet seie noko om. Bilberging er på staden og politipatruljen gjer åstadsundersøking. Trafikken vil bli dirigert forbi på ein gangveg.