Hopp til innhold

– Vi må sette foten ned

Helse Møre og Romsdal legg opp til å dytte nye kostbare oppgåver over på kommunane, meiner rådmann Rune Sjurgard i Volda. – Det må vi sette foten ned for, seier han. No ber Sjurgard om hjelp frå rikspolitikarane for å hindre at kommunane sit att med svarteper når sjukehusa skal spare pengar, skriv Møre-Nytt. – Vi har forståing for at leiinga i Helseføretaket gjer som dei gjer. Dei er pålagde å spare pengar. Så dette er heller eit forsøk på å hjelpe dei til å få den økonomiske situasjonen til helseføretaket opp på eit nasjonalt nivå, seier Sjurgard.

Rune Sjurgard
Foto: Torger Havåg / NRK