Vil ikkje kutte til miljøsenter
Eit fleirtal i fylkesutvalet ønskjer ikkje å kutte løyvingane til Runde miljøsenter. Fylkesrådmannen har foreslått å kutte i forsking og utvikling, og for miljøsenteret utgjer det 1,5 millionar kroner. Fleirtalet ønskjer også ei eiga sak om Runde slik at senteret veit kva dei får i framtida. Fylkesutvalet skal votere over budsjettet i ettermiddag