Hopp til innhold

Kan bli styrt frå St. Olavs

Helse Midt-Noreg har sett i gang eit arbeid med sikte på å samle styringa av luftambulansane i regionen frå éin AMK-sentral.

– Dette arbeidet kjem som følgje av oppdraget som Helsedepartementet har gitt oss, og det ligg ei føring om at styringa av luftambulansane bør ligge ved den mest utbygde AMK-sentralen i kvar region, seier informasjonsdirektør Tor Harald Haukås til NRK.

Helse Midt-Noreg skal no setje ned ei arbeidsgruppe som mellom anna gjennomføre ei risikoanalyse og sjå om det eventuelt må gjerast tiltak som kan motverke eventuelle negative følgjer av ei slik omlegging.

– Fagmiljøa i heile regionen skal involverast i denne prosessen, seier Haukås.

Sunnmørsposten omtalte denne saka først.

Helikopter
Foto: Gunnar Iversen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL