Hopp til innhold

Huset er over 6300 år gamalt

Hustuftene frå steinalderen som blei funne på Giske i september, viser seg å vere dei eldste intakte tuftene frå eldre steinalder her i fylket. Det runde huset på fire gonge fire meter blei bygd for 6300 til 6400 år sidan, har eit amerikansk laboratorium slått fast. Det var skal frå hasselnøtter i tuftene som avslørte den høge alderen. Fylkeskonservator Bjørn Ringstad seier at både arkeologar og kommunen er innstilte på at hustuftene blir bevarte for framtida og vidare forskning.

Arkeolog Aaron Johnston arbeider i hustuft frå eldre steinalder på Giske
Foto: Heidi Eltoft