Hopp til innhold

Bot etter at passasjer fall av

Ein 18-åring i Molde får 6 000 kroner i bot etter å ha køyrt russebil med open dør, slik at ein medpassasjer fall av. Dette skjedd i mai i år, og han som fall ut kom uskadd frå det. 18-åringen nekta straffskuld i retten og viste til at medpassasjeren ikkje hadde falle ut dersom han hadde brukt bilbelte. Politiet blei klar over saka etter at gutane la film av hending ut på Snapchat. I tillegg til bota misser han førarkortet i to månader og må ta sertifikatet på nytt.