Hopp til innhold

Vil sjå nærare på erstatning


Olje og energiminister Terje Søviknes seier det er aktuelt å sjå nærare på erstatningsspørsmålet for dei som stadig blir evakuert frå heimane sine under fjellet Mannen. Bebuar Gunn Walstad Sogge sa til NRK i forrige veke at naturskadeforsikringa ikkje gjeld for dei som blir evakuert i ekstremsituasjoner, og at dei har hatt store utgifter. Søviknes seier det er riktig at det ikkje finns noko klar ordning, og at dette er ei ny problemstilling som det er aktuelt å sjå nærare på.

Terje Søviknes
Foto: Marte Rommetveit / NRK