Hopp til innhold

Dette begeistrar arkeologane

Funnet av vel 6000 år gamle steinaldertufter på Giske begeistrar arkeologane. Tufta på vel 16 kvadratmeter er den første i sitt slag som er funne her i fylket. Forskar og arkeolog Trond Lødøen seier ein til no har hatt for få slike funn til å vite nok om korleis folk i steinalderen levde. Prøver frå steinaldertufta er til endeleg datering i USA. Tufta er den sirkulære gråbrune nedgravinga på bilete.

Steinaldertufter på Giske
Foto: Heidi Eltoft / Møre og Romsdal fylkeskommune

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL